Aktivitetsparken på arenaen

På Vidflotten arena blir det mange spennende aktiviteter for alle aldre! Her finner du oversikt over aktiviteter og arrangement på arenaen under Landsskytterstevnet.

Se aktiviteter utenfor arenaen og ved Bøleira skyttercamp

Aktiviteter på arenaen

  • Lag din eigen blyant!

    Kva kan du lage ut av ein liten trepinne? Jau, ein blyant! Fyrst sagar du eit passe stort emne til ein blyant. Så borar vi eit hol gjennom pinnen med handbor. Når holet er ferdig, set vi inn bly og spikkar blyantspissen med kniv.

    Målet er å skape noko vakkert med hendene – slik det òg er med på å stimulere til skriving og tekstleg formidling.

  • Discgolf

    Discgolf

    Saman med Sændeplåtelaget lagar vi ein eigen frisbee-bane i nærleiken av hovudarenaen.

    Discgolf er raskt, sosialt og latterframkallande – perfekt for å riste laus skuldrene mellom skyteøktene. Her treng du korkje tungt utstyr eller lang planlegging: Grip ein disk og kast deg med.

    For skyttarar er det den ideelle kombinasjonen av presisjon, konkurranseinstinkt og rein speleglede – med meir smil enn alvor.

  • Prøv treskjering og smiing

    Handverkstradisjonane står sterkt i Gudbrandsdalen – både treskjering og smiding.

    Under Landsskyttarstemnet 2026 kan unge og gamle prøve seg på treskjering, og dei kan bryne seg på stålet, om dei vil. Arbeidet med tre og jarn gir meistring, ro og kan hende inspirasjon til å prøve att seinare?

    Aktiviteten skjer i samarbeid med Hjerleid Handverksskole på Dovre.

  • Tekno-leik

    Saman med Kongsberg Gruppen får du utforske, undre deg, prøve og feile – og skape eigen, framtidsretta teknologiske løysingar.

    Velkommen inn i et univers av teknologi, kreativitet og læringsglede! I teknoparken kan du òg bli kjent med robothunden Sølve.

  • Rein og bålpanne

    Bli med inn i lavvoen til Norsk villreinsenter. Lær meir om villreinen gjennom enkle aktivitetar. Visste du at reinen held til i Lesja-fjella? Jau, då. Den er her!

    Kos deg framfor bålpanna, snakk med andre villreininteresserte - eller lær meir om naturen og dyra i fjella her!

  • Hesteskokasting

    Hesteskokasting er ein populær aktivitet på Lesja, i tidlegare tider og i dag. Kvar veke gjennom heile sommarsesongen blir det organisert hesteskokasting fleire stader i kommunen.

    Hesteskokastinga under Landsskyttarstemnet 2026 skjer i samarbeid med hesteskokastarmiljøet i kommunen.

  • Hengekøyer

    Å leggje seg i ei hengekøye er ikkje det same som å leggje seg ned. Du overgir deg ikkje til bakken, men til mellomrommet. Du stolar på at noko anna held deg oppe. To tre. Nokre tau. Litt stoff. Meir skal ikkje til. Det er ei stille påminning om at du ikkje alltid treng stå støtt – for å ha det godt.

    Velkommen til ei avslappande stund i Aktivitetsparken.

  • Lag din eige sopelime

    Ein solv laga av bjørk er ein tradisjonell sopelime eller bjørkekost. Tradisjonelt vart kvistane bundne saman med vidjespenning (tvinna bjørkerot), men seinare vart det vanleg å bruke ståltråd. Aktiviteten skjer i samarbeid med Kåre Holshagen frå Otta.

  • Fotoutstilling

    Fotoutstillinga blir plassert rundt om på hovudarenaen. Her finn du historiske bilete frå tidlegare stemne.

    Utstillinga er eit tilbakeblikk på heltar, miljø og stemning Tida, moten og hårfrisyrane har endra seg, men dei gamle heltane er framleis dei same. Utstillinga er ein perfekt pauseaktivitet mellom skytinga.

  • Trøtraktor og sandkasse

    I tillegg til teknoleik, smiing og trearbeid kan du slappe av med teikning og ansiktsmåling, leik i sandkassa eller ein tur med trøtraktoren.

  • Laserskyting

    Under LS kan du teste treffsikkerheita di – heilt utan krutlukt og rekyl! Vi tilbyr laserskyting for store og små som vil kjenne på spenninga, finjustere sikta og utfordre konkurranseinstinktet i trygge og publikumsvenlege rammer. Her er det konsentrasjon, puls og presisjon som gjeld – og kanskje ein intern familieduell eller to.

    Tilbodet skjer i samarbeid med Norges Skiskyttarforbund.

Aktivitetar utanfor arenaen

  • Hest er best!

    Under LS på Lesja kan du ta ein liten pause frå stemnet og kose deg på hesteryggen. Hjå Ragnhild Toresen får både små og store prøve seg som ryttarar i trygge omgjevnader.

  • Stolpejakt

    Stolpejakt  kombinerer turgåing, kultur- og opplevingar i naturen. I Lesja kommune er det plassert stolar rundt om – i nabolag og på fjellet, og kanskje finn du ein stolpe i nærheita av Vidflotten eller campingarenaen?

  • Bading

    Nedanfor arenaen ligg Lågen – den viktigaste fiskeelva i regionen. Denne renn forbi skyttercampen!

    Her blir det mogleg å leige kano, bade – eller du kan lauge deg i badstova.

  • Frå lufta

    Under LS på Lesja får du høve til å sjå bygda frå eit heilt nytt perspektiv! I samarbeid med Midtnorsk Helikopterservice tilbyr vi helikoptertur over fjell, dalar og skyttararenaen. Kjenn suset i magen, sjå Lesja frå lufta og opplev folkefesten som berre fuglane elles får med seg. Dette er adrenalinkick, naturglede og ein uforgløymeleg oppleving på éin gong – perfekt for både eventyrlystne skyttarar og nysgjerrige publikummarar.

  • Dagstur til fangstanlegg 3. august

    Bli med på dagstur til massefangstanlegget på Slådalen. Det er kort avstand frå Vidflotten arena og til historiske område tett ved. 3. august klokka 14.00 går bussen frå bommen på Vidlotten og vidare til Lesjas tak. Massefangstanlegget er eit av verdas best bevarte anlegg for storskala jakt. Anlegget, som er datert til å vere over 1000 år gammalt, består av fleire kilometer lange ledegjerder, ledegroper og ei rekke opprinnelege fangstgraver.

  • Best med ball

    Fotball og volleyball er perfekt når du treng ein pause frå stemnet – og vil ha det gøy saman med andre. Det er enkelt å hive seg med, uansett nivå. Her handlar det meir om lagkjensle og gode opplevingar enn resultat og poeng. Og plutseleg har du gløymt klokka, fordi spelegleda tek over!

Se mer - opplev Nord-Gudbrandsdalen